Vil du bidra til bok om utfordringer i arkivdanningen?
Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus inviterer nordiske arkivarer til å bidra til en bok med arbeidstittelen "Utfordringar i arkivdanninga".
Her er invitasjonen:
UTFORDRINGAR I ARKIVDANNINGA: CALL FOR PAPERS
Arkivlærarane ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus inviterer arkivarar og
arkivvitarar i Norden til å bidra til ei fagbok med arbeidstittelen Utfordringar i arkivdanninga. Formålet med boka er å styrke den nordiskspråklege publiseringa av vitskaplege artiklar som behandlar teoretiske, metodologiske og praktiske utfordringar knytta til danning av arkiv, og som også kan tene som pensum ved arkivstudia i dei nordiske landa. Boka vil bli gitt ut av ABM-media, som er godkjent som vitskapleg forlag og vil ta seg av fagfellevurdering av artiklane.
Vi stiller i utgangspunktet potensielle bidragsytarar fritt når det gjeld val av emne, men ønskjer særleg artiklar som behandlar spørsmål knytte til
- records capture («dokumentfangst») generelt og/eller i administrative og
funksjonsbaserte arkivsystem, e-post, sms og sosiale media
- framveksten av standardar for elektroniske arkiv og moglege konsekvensar av slik
arkivstandardisering
- det norske Riksarkivets strategiar for elektroniske arkiv og utviklinga av Noark-
standarden i eit internasjonalt perspektiv
- funksjonsbasert kontra organisasjonsbasert arkivdanning
- funksjonsanalyse som verktøy for arkivplanlegging og utvikling og implementering
av arkivsystem
- utarbeiding av kravspesifikasjonar for elektroniske arkivsystem
- risikoanalyse og skadeførebygging for elektroniske arkiv
Vi ønskjer i første omgang at potensielle bidragsytarar sender oss ei skisse («abstract») som gjer greie for kva spørsmål som vedkommande vil behandle i artikkelen. På grunnlag av dei innkomne skissene vil vi gjere ei redaksjonell vurdering og gi tilbakemelding til den einskilde bidragsytar om det av omsyn til heilskapen i boka er behov for tematiske justeringar.
Frist for innsending av artikkelskisse er 1. juni 2013. Skissa skal sendast til Gudmund Valderhaug ved HiOA. Eventuelle spørsmål om bokprosjektet kan rettast til same adresse.