Digitalisering av kulturarven
Riksrevisjonen har lagt frem forvaltningsrevisjon om digitalisering av kulturarven, og kommer med skarp kritikk
Riksrevisjonen skriver bl.a. dette i pressemeldingen:
- (Kultur)Departementet har i liten grad følgt opp digitaliseringsarbeidet
- Undersøkinga viser at det er lite styring frå Kulturdepartementet på digitaliseringsområdet. Digitalisering er lite synleg i styringsdialogen, og det er få spor av at resultat blir vurderte eller følgde opp.
- Handteringa av digitalt skapte arkiv er ikkje tilfredsstillande
- Arkivverket har i liten grad oversikt over system i statleg sektor som produserer arkivverdig materiale. Meir enn 200 arkiv- og journalsystem i statleg sektor er ute av administrativ bruk og krev oppfølging omgåande for å sikre dokumentasjonen.
- Det er ikkje etablert ei felles løysing for langtidslagring
- Arkivverket og Nasjonalbiblioteket skulle samarbeide om felles langtidslagring som også kunne nyttas av musea. Da samarbeidet stranda i 2010, blei det ikkje tatt grep frå departementet si side for å sørgje for at felles langtidslagring blei realisert. Fråværet av felles løysingar gjer at dei fleste musea i dag manglar ei ordning for langtidslagring av det digitaliserte materialet sitt.
Sammendraget finnes her.
PDF av rapporten finnes her.